Norsk Gapahukfestival 2016!

Norsk Gapahukfestival

Norsk Gapahukfestival vart arrangert fyrste gong 23. januar 2016. Det er skigruppa i Lom IL som står bak arrangementet. Gapahukfestivalen er todelt - fyrst eit familiearrangement ved Gapahuken i Åslia, og om kvelden blir det kviss i Skihytta.

Glimt frå festivalen

Video frå Gapahukfestivalen 2016 (10 min) Sjå
Video laga av Fjuken Sjå
Facebook-video frå sidene til NRK Hedemark og Oppland Sjå
Innslag frå Dagsrevyen 21 og Norge i dag 25.1.2016 Sjå
Innslag frå Supernytt på NRK Super 27.1.2016 Sjå
Langt radioinnslag i NRK Opplandsradion med Even Lusæter og Reidar Kjæstad 25.1.2016 Høyr
Fjuken bildespesial Sjå

NB! Dette er bare linker til MPEG4-videoar, og nokre nettlesarar klarer ikkje å spele dei umiddelbart. I nokre tilfelle vil den laste ned heile videoen før avspelinga byrjar og det kan ta fleire minutt. Dersom videoen ikkje starter med ein gong, kan du prøve ein annan nettlesar. Crome, Opera, Safari, WindowsMediaPlayer ser t.d ut til å fungere fint.

Program

Skirenn

Skirenn i Kvolven på idealtid

Hopprenn

Hopprenn i Åslibakken

Kristoffer Hovland

Kristoffer Hovland med spennande gapahukrett

Huing

EM i huing!

Jo Gjende

Jo Gjende med heimlaga ski

NRK

NRK kjem

Kvissmester

Kvissmester Hans Erik Kjosbakken

Program for Norsk Gapahukfestival 23.01.2016

Del 1.   Gapahuken i Åslia.

12.00  Opning av Gapahuken v/Jeanette Schakenda

12.30  Skirenn på idealtid.

13.30  Hopprenn alle klasser

14.00  EM i huing, innleiande runde.

14.30  Matservering.

15.00  EM i huing, finale.

15.15  Premieutdeling.

 

Del 2     Skihytta

19.30  Opner dørene

20.00  Måsåmyr-kviss. Kvissmester: Hans Erik Kjosbakken

23.15  Premieutdeling

Billettar

Priser: Vaksen: 100,- Born: 50,- Familie: 300,- Billetten er eit festivalpass som inkluderer servering i Åslia og deltaking på renn og huing. Det blir servert sprengt reinsdyrlår med åslidressing, servert i ferskt mjukbrød. Kveldsarrangementet i Skihytta er gratis.

Her får ein kjøpt billettar:

  • Sport 1 Lom
  • I Skihytta laurdag 9:30 - 11:00
  • I festivalkontoret (Gapahuken) frå 11:00 og utover
Vis fram billetten for matservering og ved påmelding til renn/huing.

Servering

Kristoffer Hovland har komponert ein gapahukrett til festivalen: Sprengt reinsdyrlår med åslidressing, servert i ferskt mjukbrød.
Til maten blir det servert eplegløgg frå Brimibua og kaffe. Servering er inkludert for alle som har billett.

Festivalkontor

Gapahuken vil fungere som festivalkontor. Her får ein kjøpt festivalbillettar og her er det påmelding til skirenn, hopprenn og huing. Vi vil òg ha fyrstehjelpsutstyr etc. i Gapahuken. Sjølve Gapahuken er såleis ikkje tilgjengeleg på vanleg måte under festivalen.

Kjekt å ha

Her er nokre ting det kan være greitt å ha i sekken:

  • Varme klede.
  • Sitteunderlag
  • Flagg (det er jo Norsk Gapahukfestival)
  • Spade
  • Fyrstikker
  • Mat og drikke

Korleis finne fram?

Vi tilrår å parkere ved Skihytta i Lia. Frå Skihytta kryssar ein vegen og går oppover grusvegen eit par hundre meter til skiløypa byrjar. Det er godt merka løype heilt opp til Gapahuken. Sjå kart. Skituren er i overkant av 3 km og det er jevn stigning - tilsaman 280 høgdemeter.

Skirenn

Skirennet går på idealtid. Tida blir sett før rennet. Påmelding fram til 12.00 i Gapahuken. Ein vinnar pr. klasse.

Klasser

  • Gutar og jenter barn, 0 – 7 år. Går 1 runde.
  • Gutar og jenter yngre junior, 8 – 12 år. Går 2 runder.
  • Gutar og jenter junior, 13 – 20 år. Går 3 runder.
  • Gutar og jenter senior, 21 år og oppover. Går 3 runder.
Det er ingen påmeldingsavgift anna enn festival-billetten.

Hopprenn

Påmelding fram til 13.00 i Gapahuken. Hopprennet har ikkje klasser. Premiering for lengste hopp, best stil, spektakulære hopp osv.
Det er ingen påmeldingsavgift anna enn festival-billetten.

EM i huing

Huing (skriking, roping, hoiing) har lange tradisjonar i Noreg. Huinga skal framførast i minst 3 sekund og huinga skal ikkje innehalde uttalte ord. Det blir premiering av høgaste huinga målt med decibelmeter, og ein jury vil kåre beste framføring ut frå tone, stemmebruk, variasjon, kraft etc. Påmelding fram til kl 14.00 i Gapahuken. Innleiande runde. Dei beste går vidare til finalerunde. Det er ingen påmeldingsavgift anna enn festival-billetten.
Klikk her for meir informasjon.

Klasser:

  • Gutar junior 0 - 14 år
  • Jenter junior 0 - 14 år
  • Gutar senior f.o.m. 15 år
  • Jenter senior f.o.m. 15 år

Måsåmyrkviss (kveldsarrangement)

I den "nye" Skihytta blir det kviss (quiz) kl 20:00. Dørene opnar kl 19:30. Kveldens kvissmester er Fjukenredaktør og Stoke-supporter Hans Erik Kjosbakken. Vi legg opp til 6 tema med 20 spørsmål i kvart tema. Utan å røpe kva for tema det er snakk om, kan vi seie at mykje dreier seg om lokalkunskap og ein del er idrettsrelatert. Spørsmåla har vorte laga av forskjellige ressurspersonar rundt om i bygda, og vi trur dette skal bli ein artig og uhøgtideleg konkurranse for dei som tek turen :)
Maks. deltakarar pr. lag: 4
Ein kan enten kome som eit ferdig lag, eller ein kan kome enkeltvis. Vi set samen lag av dei som kjem utan lag.
18-års aldresgrense og sal av øl, vin og snacks.
Det er gratis inngang, og ein treng ikkje festivalbillett for å bli med på dette arrangementet.